Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

november 2003

13.01.2004 Pressemelding nr. 1/2004: Produksjonen av petroleum i november var 23,5 millionar standardkubikkmeter oljeekvivalentar (Sm3 o.e.). Av dette var rundt 14,0 millionar Sm3 o.e. olje, 7,2 millionar Sm3 o.e. gass og 2,2 millionar Sm3 o.e. NGL og kondensat.

Gjennomsnittleg dagsproduksjon i november var om lag 2 941 000 fat stabilisert olje, om lag 226 000  fat NGL og om lag 242 000  fat kondensat.

Så langt i 2003 er den totale produksjonen om lag 238,1 millionar Sm3 o.e. Av dette utgjorde oljeproduksjonen rundt 150,9 millionar Sm3 o.e., kondensat og NGL rundt 21,4 millionar Sm3 o.e., og gass for sal rundt 65,7 millionar Sm3 o.e.

Ver merksam på at tabell med oppdaterte produksjonstal for norsk sokkel nå er flytta til OD's faktasider. 

Førebels produksjonstal frå norsk kontinentalsokkel, desember 2003
Førebels produksjonsoversikt for desember viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 2 981 000 fat  olje. Endelege produksjonstal vil bli gjort offentleg i begynnelsen av februar 2004.


Kontakt i OD
Rune Hult, tlf. 51 87 60 77
 

Oppdatert: 07.01.2010