Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

mars 2004

11.05.2004 Pressemelding nr. 8/2004: Produksjonen av petroleum i mars var 23,8 millionar standardkubikkmeter oljeekvivalentar (Sm3 o.e.). Av dette var rundt 14,2 millionar Sm3 o.e. olje, 7,5 millionar Sm3 o.e. gass og 2,1 millionar Sm3 o.e. NGL og kondensat.

Gjennomsnittleg dagsproduksjon i mars var om lag 2 891 000 fat stabilisert olje, om lag 211 000  fat NGL og om lag 212 000  fat kondensat.

Så langt i 2004 er den totale produksjonen om lag 70,7 millionar Sm3 o.e. Av dette utgjorde oljeproduksjonen rundt 42,6 millionar Sm3 o.e., kondensat og NGL rundt 6,0 millionar Sm3 o.e., og gass for sal rundt 22,2 millionar Sm3 o.e.

Produksjon av olje frå sokkelen er stabil. I løpet av dei tre første månadene i år er det produsert 42,6 millionar Sm3. Dette er 0,2 millionar lågare enn same perioden i fjor. Produksjonen av olje er i år berre 0,5 % lågare enn den siste oppdaterte prognosen utarbeida av Oljedirektoratet.

Ver merksam på at tabell med oppdaterte produksjonstal for norsk sokkel nå er flytta til OD's fakta-sider.

Førebels produksjonstal frå norsk kontinentalsokkel, april 2004

Førebels produksjonsoversikt for april viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 2 874 000 fat  olje. Endelege produksjonstal vil bli gjort offentleg i begynnelsen av juni 2004.


Kontaktinformasjon
Rune Hult, tlf: 51 87 60 77 

Oppdatert: 07.01.2010