Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

september 2006

09.11.2006 Pressemelding 32/2006: I september blei det produsert 18,5 millioner standard kubikkmeter oljeekvivalentar (Sm3 o.e). Dette er 2,0 millionar Sm3 o.e. lågare enn produksjonen i same månad i fjor.

Gjennomsnittleg dagsproduksjon i september var om lag 2 221 000 fat olje, om lag 235 000 fat NGL (Natural Gas Liquids) og om lag 117 000 fat kondensat. Låg produksjon i september skuldast planlagde vedlikehaldsstans på fleire felt.


Olje Gass Kondensat NGL SUM
Tidsrom mill.Sm3 mrd.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3o.e.
September 2006 10,6 6,2 0,6 1,1 18,5
September 2005 12,1 6,6 0,6 1,2 20,5
Differanse -1,5 -0,4 0,0 -0,1 -2,0


Så langt i 2006 er den totale produksjonen om lag 185,0 millioner Sm3 o.e. Dette er 6,4 millioner Sm3 o.e. lågere enn same periode i fjor.

Olje Gass Kondensat NGL SUM
Tidsrom mill.Sm3 mrd.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3o.e.
Jan-sep 2006 101,5 64,1 7,2 12,2 185,0
Jan-sep 2005 111,7 61,8 6,3 11,5 191,4
Differanse -10,2 2,3 0,9 0,7 -6,4


Førebels produksjonsoversikt for oktober 2006 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 2,250 millionar fat olje og 0,511 millioner fat NGL og kondensat.

Låg produksjon i oktober skuldast planlagd vedlikehaldsstans på Tordisfeltet saman med ei rekkje ikkje planlagde stengingar på fleire felt. Blant desse er fråfallet fra felta Snorre, Vigdis, Heidrun og Draugen estimert til om lag 3.2 millionar fat olje. Endelege produksjonstal vil bli offentleggjort i byrjinga av desember 2006.

Vær merksam på at tabell med oppdaterte produksjonstal for norsk sokkel no er flytta til OD sine faktasider. Framstillinga viser nå komplett historie pr. felt og for heile sokkelen pr. månad og år.


Kontakt i OD

Rune Hult, tlf: 51876077.

Oppdatert: 15.12.2009