Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

juli 2006

07.09.2006 Pressemelding 28/2006:  I juli blei det produsert 21,0 millioner standard kubikkmeter oljeekvivalentar (Sm3 o.e). Dette er 0,2 millioner Sm3 o.e. høgare enn produksjonen i same månad i fjor.

Gjennomsnittleg dagsproduksjon i juli var om lag 2 381 000 fat olje, om lag 296 000 fat NGL og om lag 190 000 fat kondensat.


Olje Gass Kondensat NGL SUM
Tidsrom mill.Sm3 mrd.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3o.e.
Juli 2006 11,7 6,9 0,9 1.5 21,0
Juli 2005 12,7 6,2 0,7 1,3 20,8
Differanse -1,0 0,7 0,2 0,2 0,2


Så langt i 2006 er den totale produksjonen om lag 145,9 millioner Sm3 o.e. Dette er 4,3 millioner Sm3 o.e. lågere enn same periode i fjor.


Olje Gass Kondensat NGL SUM
Tidsrom mill.Sm3 mrd.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3o.e.
Jan-Juli 2006 79,8 50,8 5,8 9,6 145,9
Jan-Juli 2005 87,2 48,9 5,1 9,0 150,2
Differanse -7,4 1,8 0,7 0,6 -4,3


Førebels produksjonsoversikt for august 2006 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 2,273 millioner fat olje og 0,507 millioner fat NGL og kondensat. Endelege produksjonstal blir offentleggjort tidleg i oktober 2006.

Norsk oljeproduksjon 2005-2006

Vær merksam på at tabell med oppdaterte produksjonstal for norsk sokkel nå er flytta til OD sine fakta-sider. Framstillinga viser nå komplett historie pr. felt og for heile sokkelen pr. månad og år.


Kontakt i OD
Rune Hult, tlf: 51 87 60 77

Oppdatert: 16.12.2009