Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

desember 2007

06.02.2008 Pressemelding 9/2008:Gjennomsnittleg produksjon per dag i desember 2007 var om lag 2 168 000 fat olje, om lag 298 000 fat NGL (Natural Gas Liquids) og 67 000 fat kondensat, totalt 2 532 000 fat væske.

I desember blei det produsert 21,5 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (Sm3 o.e). Dette er 1,1 millionar Sm3 o.e. mindre enn i same månad i 2006.


Olje Gass Kondensat NGL SUM
Tidsrom mill.Sm3 mrd.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3o.e.
Desember 2007 10,7 9,0 0,3 1,5 21,5
Desember 2006 12,1 8,7 0,3 1,6 22,6
Differanse -1,4 0,3 0,0 -0,1 -1,1
 

Felta Snøhvit og Ormen Lange var nedstengde i 31 og 8 dager på grunn av tekniske problem. I 2007 var gjennomsnittleg produksjon per dag av olje vel 2,2 millionar fat. Den totale produksjonen var om lag 238,0 millionar Sm3 o.e. Dette er 10,8 millionar Sm3 o.e. mindre enn i 2006.


Olje Gass Kondensat NGL SUM
Tidsrom mill.Sm3 mrd.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3o.e.
Jan-des 2007 128,3 87,7 3,5 16,6 238,0
Jan-des 2006 136,6 87,6 8,0 16,7 248,8
Differanse -8,3 2,1 -4,5 -0,1 -10,8
 

Førebels produksjonstal for januar 2008 viser ein gjennomsnittleg produksjon per dag på om lag 2,186 millionar fat olje og 0,358 millionar fat NGL og kondensat.

Endelege produksjonstal er klare i første halvdel av mars 2008.

Vær merksam på at det ligg ein tabell med oppdaterte produksjonstal for norsk kontinentalsokkel på  OD sine faktasider.

Framstillinga viser nå komplett historie per felt og for heile sokkelen per månad og år.


Norsk olje-, NGL og kondensatproduksjon 2006-2008


Norsk olje-, NGL og kondensatproduksjon 2006-2008
(millionar fat per dag) 



Kontakt i OD:

Rune Hult, tlf. 51 87 60 77 

Oppdatert: 15.12.2009