Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

juni 2007

17.08.2007 Pressemelding 29/2007: Gjennomsnittleg produksjon per dag i juni var om lag 1 866 000 fat olje, om lag 246 000 fat NGL og 55 000 fat kondensat, totalt 2 167 000 fat væske.

I juni blei det produsert 16,6 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (Sm3 o.e). Dette er 1,4 millionar Sm3 o.e. mindre enn i same månad i fjor.  Gjennomsnittleg væskeproduksjon per dag i juni i fjor var 2 604 000 fat.

Hovudgrunnen til produksjonsreduksjonen i juni i år samanlikna med same månad året før er vedlikehaldsstans på fleire felt. Til dømes var Ekofiskfeltet nedstengt i om lag to veker.


Olje Gass Kondensat NGL SUM
Tidsrom mill.Sm3 mrd.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3o.e
Juni 2007 8,9 6,3 0,3 1,2 16,6
Juni 2006 10,7 5,6 0,6 1,1 18,0
Differanse -1,8 0,7 -0,3 0,1 -1,4



Så langt i 2007 er den totale produksjonen om lag 118,9 millionar Sm3 o.e. Dette er 5,9 millionar Sm3 o.e. mindre enn i same periode i fjor. Dette er i samsvar med OD sine prognoser for 2007.


Olje Gass Kondensat NGL SUM
Tidsrom mill.Sm3 mrd.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3o.e.
Jan-jun 2007 64,6 44,4 1,6 8,4 118,9
Jan-jun 2006 68,1 43,9 4,8 8,1 124,9
Differanse -3,5 0,5 -3,2 0,3 -5,9


Førebels produksjonstal for juli 2007 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 2,296 millionar fat olje og 0,319 millionar fat NGL og kondensat. Endelege produksjonstal er klare i første halvdel av september 2007.

Vær merksam på at det ligg ein tabell med oppdaterte produksjonstal for norsk kontinentalsokkel på OD sine fakta-sider. Framstillinga viser nå komplett historie pr. felt og for heile sokkelen pr. månad og år.

Norsk olje-, NGL og kondensatproduksjon 2005 - 2007

Norsk olje-, NGL og kondensatproduksjon 2005 - 2007
(millionar fat per dag)

 

Kontakt i OD
Rune Hult, tlf: 51 87 60 77

Oppdatert: 15.12.2009