Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

mai 2007

11.07.2007 Pressemelding 27/2007: I mai blei det produsert 18,9 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (Sm3 o.e). Dette er 2,3 millionar Sm3 o.e. mindre enn i same månad i fjor.

Gjennomsnittleg produksjon per dag i mai var om lag 2 124 000 fat olje, om lag 281 000 fat NGL (Natural Gas Liquids) og 57 000 fat kondensat, totalt 2 461 000 fat væske.


Olje Gass Kondensat NGL SUM
Tidsrom mill.Sm3 mrd.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3o.e.
Mai 2007 10,5 6,8 0,3 1,4 18,9
Mai 2006 11,6 7,4 0,9 1,3 21,2
Differanse -1,1 -0,6 -0,6 0,1 -2,3


Så langt i 2007 er den totale produksjonen om lag 102,3 millionar Sm3 o.e. Dette er 4,5 millionar Sm3 o.e. mindre enn i same periode i fjor.


Olje Gass Kondensat NGL SUM
Tidsrom mill.Sm3 mrd.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3o.e.
Jan-mai 2007 55,7 38,1 1,4 7,2 102,3
Jan-mai 2006 57,4 38,3 4,2 7,0 106,8
Differanse -1,7 -0,2 -2,9 0,2 -4,5


Førebels produksjonstal for juni 2007 viser ein gjennomsnittleg produksjon per dag på om lag 1,880 millionar fat olje og 0,289 millionar fat NGL og kondensat. Reduksjonen i juni skuldas planlagd vedlikehaldsstans på fleire felt. Endelege produksjonstal er klare i første halvdel av august 2007.

Vær merksam på at det ligg ein tabell med oppdaterte produksjonstal for norsk kontinentalsokkel på OD sine fakta-sider.

Framstillinga viser nå komplett historie pr. felt og for heile sokkelen pr. månad og år.

Norsk olje-, NGL og kondensatproduksjon 2005-2007

Norsk olje-, NGL og kondensatproduksjon 2005-2007
(millionar fat per dag)

 

Kontakt i OD:
Rune Hult, tlf. 51 87 60 77

Oppdatert: 15.12.2009