Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

november 2007

09.01.2008 Pressemelding 3/2008: Gjennomsnittleg produksjon per dag i november 2007 var om lag 2 212 000 fat olje, om lag 316 000 fat NGL (Natural Gas Liquids) og 75 000 fat kondensat, totalt 2 604 000 fat væske.

I november blei det produsert 21,2 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (Sm3 o.e). Dette er 0,1 millionar Sm3 o.e. mindre enn i same månad i 2006.


Olje Gass Kondensat NGL SUM
Tidsrom mill.Sm3 mrd.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3o.e.
November 2007 10,6 8,7 0,4 1,5 21,2
November 2006 11,5 8,1 0,2 1,5 21,3
Differanse -0.9 0,6 0,2 0,0 -0,1

 

Felta Snøhvit og Ormen Lange var nedstengde i 20 og 10 dager på grunn av tekniske problem.

Så langt i 2007 var gjennomsnittleg produksjon per dag av olje vel 2,2 millionar fat. Den totale produksjonen var om lag 216,3 millionar Sm3 o.e. Dette er 9,9 millionar Sm3 o.e. mindre enn i same periode i 2006.


Olje Gass Kondensat NGL SUM
Tidsrom mill.Sm3 mrd.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3o.e.
Jan-nov 2007 117,6 80,6 3,1 15,0 216,3
Jan-nov 2006 124,5 78,9 7,7 15,1 226,2
Differanse -6,9 1,7 -4,6 -0,1 -9,9
 

Førebels produksjonstal for desember 2007 viser ein gjennomsnittleg produksjon per dag på om lag 2,209 millionar fat olje og 0,347 millionar fat NGL og kondensat.

Endelege produksjonstal er klare i første halvdel av februar 2008.

Vær merksam på at det ligg ein tabell med oppdaterte produksjonstal for norsk kontinentalsokkel på OD sine faktasider.

Framstillinga viser nå komplett historie per felt og for heile sokkelen per månad og år.


Norsk olje-, NGL og kondensatproduksjon 2005-2007

Norsk olje-, NGL og kondensatproduksjon 2005-2007
(millionar fat per dag)


 

Kontakt i OD:
Rune Hult, tlf. 51 87 60 77

Oppdatert: 07.01.2010