Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

oktober 2007

12.12.2007 Pressemelding 46/2007: Gjennomsnittleg produksjon per dag i oktober var om lag 2 201 000 fat olje, om lag 297 000 fat NGL (Natural Gas Liquids) og 72 000 fat kondensat, totalt 2 570 000 fat væske.

I oktober blei det produsert 21,0 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (Sm3 o.e). Dette er 1,1 millionar Sm3 o.e. mer enn i same månad i fjor.


Olje Gass Kondensat NGL SUM
Tidsrom mill.Sm3 mrd.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3o.e.
Oktober 2007 10,8 8,4 0,4 1,5 21,0
Oktober 2006 11,5 6,7 0,3 1,4 19,9
Differanse -0,7 1,7 0,1 0,1 1,1


Felta Eldfisk og Embla var nedstengde i halve oktober på grunn av utskifting av røyrleidning frå Eldfisk til Ekofisk.

Så langt i 2007 er gjennomsnittlig dagsproduksjon av olje vel 2,2 millioner fat. Den totale produksjonen om lag 195,3 millionar Sm3 o.e. Dette er 9,6 millionar Sm3 o.e. mindre enn i same periode i fjor.


Olje Gass Kondensat NGL SUM
Tidsrom mill.Sm3 mrd.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3o.e.
Jan-okt 2007 107,0 71,9 2,8 13,6 195,3
Jan-okt 2006 113,0 70,8 7,5 13,6 204,9
Differanse -6,0 1,2 -4,7 0,0 -9,6


Førebels produksjonstal for november 2007 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 2,249 millionar fat olje og 0,359 millionar fat NGL og kondensat.

Produksjonen frå Ekofisk, Valhall og Hod var nedstengd eit par dager i november på grunn av storm. Endelege produksjonstal er klare i første halvdel av januar 2008.

Vær merksam på at det ligg ein tabell med oppdaterte produksjonstal for norsk kontinentalsokkel på OD sine faktasider.

Framstillinga viser nå komplett historie per felt og for heile sokkelen per månad og år.


 

Norsk olje-, NGL og kondensatproduksjon 2005-2007

Norsk olje-, NGL og kondensatproduksjon 2005-2007
(millionar fat per dag)


Kontakt i OD:
Rune Hult, tlf. 51 87 60 77

Oppdatert: 07.01.2010