Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

april 2008

11.06.2008 Pressemelding 31/2008:Gjennomsnittleg produksjon per dag i april 2008 var om lag 2 034 000 fat olje, om lag 278 000 fat NGL (Natural Gas Liquids) og 77 000 fat kondensat, totalt 2 390 000 fat væske.

I april blei det produsert 19,9 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (Sm3 o.e). Dette er 1,4 millionar Sm3 o.e. mindre enn i same månad i 2007.

Oil Gass Kondensat NGL SUM
Tidsrom mill.Sm3 mrd.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3o.e.
April 2008 9,7  8,5  0,4  1,3  19,9 
April 2007 11,3  8,3  0,3  1,5  21,3 
Differanse -1,6  0,2  0,1  -0,2  -1,4 
 

Statfjord C, Statfjord Nord, Statfjord Sør og Sygna var nedstengde 21 dager iht plan, og Ula og Tambarfelta var nedstengde i 8 dager for å førebu innkopling av ein ny gassmodul.

Så langt i 2008 er gjennomsnittleg oljeproduksjon per dag vel 2,1 millionar fat. Den totale petroleumsproduksjonen dei fire første månadene i år er om lag 84,2 millionar Sm3 o.e. Dette er 0,8 millionar Sm3 o.e. meir enn i same periode i 2007.

Olje Gass Kondensat NGL SUM
Tidsrom mill.Sm3 mrd.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3o.e.
Jan-apr 2008 40,6  36,5  1,4  5,7  84,2 
Jan-apr 2007 45,2  31,3  1,1  5,8  83,4 
  

Førebels produksjonstal for mai 2008 viser gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 2,110 millionar fat olje og 0,371 millionar fat NGL og kondensat.

Endelege produksjonstal er klare i første halvdel av juli 2008.

Vær merksam på at det ligg ein tabell med oppdaterte produksjonstal for norsk kontinentalsokkel på OD sine faktasider.

Framstillinga viser nå komplett historie per felt og for heile sokkelen per månad og år.

 

Norsk olje-, NGL og kondensatproduksjon 2006-2008


Norsk olje-, NGL og kondensatproduksjon 2006-2008
millionar fat per dag

 

 

Kontakt i OD:
Rune Hult, tlf. 51 87 60 77

 

Oppdatert: 14.12.2009