Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

februar 2008

09.04.2008 Pressemelding 18/2008: Gjennomsnittleg produksjon per dag i februar 2008 var om lag 2 095 000 fat olje, om lag 294 000 fat NGL (Natural Gas Liquids) og 81 000 fat kondensat, totalt 2 469 000 fat væske.

I februar blei det produsert 20,6 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (Sm3 o.e). Dette er 1,0 millionar Sm3 o.e. meir enn i same månad i 2007.


Olje Gass Kondensat NGL SUM
Tidsrom mill. Sm3 mrd. Sm3 mill. Sm3 mill. Sm3 mill. Sm3 o.e
Februar 2008 9,7  9,2  0,4  1,4  20,7 
Februar 2007 10,7  7,3  0,3  1,4  19,6 
Differanse -1,0  1,9  0,1  0,0  1,0 


Feltet Snøhvit var nedstengd i 10 dager på grunn av tekniske problem.

Så langt i 2008 var gjennomsnittleg produksjon per dag av olje vel 2,1 millionar fat. Den totale produksjonen var om lag 42,3 millionar Sm3 o.e. Dette er 1,0 millionar Sm3 o.e. meir enn i same periode i 2007.


Olje Gass Kondensat NGL SUM
Tidsrom mill. Sm3 mrd. Sm3 mill. Sm3 mill. Sm3 mill. Sm3 o.e.
Jan-feb 2008 20,3  18,4  0,7  2,8  42,3 
Jan-feb 2007 22,4  15,4  0,5  2,9  41,3 
Differanse -2,1  3,0  0,2  -0,1  1,0 

 

Førebels produksjonstal for mars 2008 viser ein gjennomsnittleg produksjon per dag på om lag 2,202 millionar fat olje og 0,375 millionar fat NGL og kondensat.

Endelege produksjonstal er klare i første halvdel av mai 2008.

Vær merksam på at det ligg ein tabell med oppdaterte produksjonstal for norsk kontinentalsokkel på OD sine faktasider.

Framstillinga viser nå komplett historie per felt og for heile sokkelen per månad og år.


 

Norsk olje-, NGL og kondensatproduksjon 2006-2008


Norsk olje-, NGL og kondensatproduksjon 2006-2008
millionar fat per dag


 

Kontakt i OD:
Rune Hult, tlf. 51 87 60 77


Oppdatert: 14.12.2009