Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

august 2008

10.10.2008 Pressemelding 54/2008: Gjennomsnittleg produksjon per dag i august 2008 var om lag 1 993 000 fat olje, om lag 250 000 fat NGL (Natural Gas Liquids) og 64 000 fat kondensat, totalt 2 306 000 fat væske.

I august blei det produsert 17,3 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar(Sm3 o.e). Dette er 1,1 millionar Sm3 o.e. mindre enn i same månad i 2007.


 

Olje Gass Kondensat NGL SUM
Tidsrom mill.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3o.e.
Aug 2008 9,8  5,9  0,3  1,2  17,3 
Aug 2007 10,2  6,5  0,3  1,3  18,4 
Differanse -0,4  -0,6  0,0  -0,1  -1,1 



Produksjonen frå Glitne, Norne, Snorre, Vigdis, Urd, Troll og Sleipner Øst har vært redusert i august pga planlagt vedlikehald. Kvitebjørn og Visund har hatt redusert produksjon pga lekkasje på gassrør. Vilje starta produksjon 1 august.

Så langt i 2008 er gjennomsnittleg oljeproduksjon per dag ca. 2,1 millionar fat og total væskeproduksjon om lag 2,5 millionar fat. Den totale petroleumsproduksjonen dei åtte første månadene i år er om lag 159,8 millionar Sm3 o.e. Dette er 3,6 millionar Sm3 o.e. meir enn i same periode i 2007.


 

Olje Gass Kondensat NGL SUM
Tidsrom mill.Sm3 mrd.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3o.e.
Jan-aug 2008 81,2  64,6  2,7  11,2  159,8 
Jan-aug 2007 86,0  56,9  2,1  11,1  156,2 
Differanse -4,8  7,7  0,6  0,1  3,6 



Førebels produksjonstal for september 2008 viser gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,988 millionar fat olje og 0,197 millionar fat NGL og kondensat.

Snorre, Oseberg Øst og Vigdis har vore nedstengde i periodar i september pga planlagt vedlikehald. Kvitebjørn har vore nedstengd heile september pga lekkasje i eit gassrøyr.

Endelege produksjonstal er klare i første halvdel av november 2008.

Vær merksam på at det ligg ein tabell med oppdaterte produksjonstal for norsk kontinentalsokkel på OD sine faktasider.

Framstillinga viser ein komplett historie per felt og for heile sokkelen per månad og år.

 

Norsk olje-, NGL og kondensatproduksjon 2006-2008


Norsk olje-, NGL og kondensatproduksjon 2006-2008

millionar fat per dag



Kontakt i OD:
Rune Hult, tlf. 51 87 60 77


 

Oppdatert: 07.01.2010