Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

desember 2008

04.02.2009 Pressemelding 9/2009: Gjennomsnittleg produksjon per dag i desember 2008 var om lag 2 198 000 fat olje, om lag 273 000 fat NGL (Natural Gas Liquids) og 89 000 fat kondensat, totalt 2 561 000 fat væske.

I desember blei det produsert 22,6 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (Sm3 o.e). Dette er 1,1 millionar Sm3 o.e. meir enn i same månad i 2007.

Olje Gass Kondensat NGL SUM
Tidsrom mill.Sm3 mrd.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3o.e.
Des 2008 10,8  9,9  0,4  1,4  22,6 
Des 2007 10,7  9,0  0,3  1,5  21,5 
Differanse 0,1  0,9  0,1  -0,1  1,1 


Kvitebjørn har vore stengt og Visund har hatt redusert produksjon pga lekkasje på gassrøyr.

2008 var gjennomsnittleg oljeproduksjon per dag om lag 2,1 millionar fat og total væskeproduksjon om lag 2,5 millionar fat. Den totale petroleumsproduksjonen  i 2008 er om lag 242,1 millionar Sm3 o.e. Dette er 4,1 millionar Sm3 o.e. meir enn i 2007.

Olje Gass Kondensat NGL SUM
Tidsrom mill.Sm3 mrd.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3o.e.
Jan-des 2008 122,7  99,2  4,2  16,0  242,1 
Jan-des 2007 128,3  89,7  3,5  16,6  238,0 
Differanse -5,6  9,6  0,7  -0,5  4,1 

Førebels produksjonstal for januar 2009 viser gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 2,110 millionar fat olje, 0,341 millionar fat NGL og kondensat og totalt 10,4 mrd. Sm3 netto gass i januar.

På Kvitebjørn starta produksjonen igjen 27 januar etter å ha vore nedstengd sidan august 2008. Felta Yttergryta og Rev feltene starta produksjon i januar.

Endelege produksjonstal er klare i første halvdel av mars 2009.

Vær merksam på at det ligg ein tabell med oppdaterte produksjonstal for norsk kontinentalsokkel på OD sine faktasider. Framstillinga viser komplett historie per felt og for heile sokkelen per månad og år.

Norsk olje-, NGL og kondensatproduksjon 2006-2008

Norsk olje-, NGL og kondensatproduksjon 2006-2008
millionar fat per dag

 

Kontakt i OD:
Rune Hult, tlf. 51 87 60 77

Oppdatert: 07.01.2010