Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

juli 2008

11.09.2008 Pressemelding 49/2008: Gjennomsnittleg produksjon per dag i juli 2008 var om lag 2 227 000 fat olje, om lag 301 000 fat NGL (Natural Gas Liquids) og 75 000 fat kondensat, totalt 2 603 000 fat væske.

I juli blei det produsert 20,4 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (Sm3 o.e). Dette er 1,1 millionar Sm3 o.e. meir enn i same månad i 2007.
 
Produksjonen frå Norne, Urd og Snøhvit har vært redusert i juli pga planlagt vedlikehald.

Olje Gass Kondensat NGL SUM
Tidsrom mill.Sm3 mrd.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3o.e.
Juli 2008 11,0  7,6  0,4  1,5  20,4 
Juli 2007 11,2  6,5  0,2  1,4  19,3 
Differanse -0,2  1,1  0,2  0,1  1,1 


Så langt i 2008 er gjennomsnittleg oljeproduksjon per dag vel 2,1 millionar fat og total væskeproduksjon om lag 2,5 millionar fat. Den totale petroleumsproduksjonen dei sju første månadene i år er om lag 142,5 millionar Sm3 o.e. Dette er 4,6 millionar Sm3 o.e. meir enn i same periode i 2007.

Olje Gass Kondensat NGL SUM
Tidsrom mill.Sm3 mrd.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3o.e.
Jan-jul 2008 71,4  58,7  2,4  9,9  142,5 
Jan-jul 2007 75,8  50,4  1,9  9,7  137,8 
Differanse -4,4  8,3  0,6  0,2  4,6 

 

Førebels produksjonstal for august 2008 viser gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,950 millionar fat olje og 0,319 millionar fat NGL og kondensat.

Norne, Urd, Kvitebjørn og Glitne har vore nedstengde i periodar juli pga planlagt vedlikehald. Vilje starta å produsere 1 august.

Endelege produksjonstal er klare i første halvdel av oktober 2008.

Vær merksam på at det ligg ein tabell med oppdaterte produksjonstal for norsk kontinentalsokkel på OD sine faktasider. Framstillinga viser nå komplett historie per felt og for heile sokkelen per månad og år.


Norsk olje-, NGL og kondensatproduksjon 2006-2008

Norsk olje-, NGL og kondensatproduksjon 2006-2008
millionar fat per dag


Kontakt i OD:
Rune Hult, tlf. 51 87 60 77

 

Oppdatert: 14.12.2009