Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

juni 2008

20.08.2008 Pressemelding 44/2008: Gjennomsnittleg produksjon per dag i juni 2008 var om lag 1 941 000 fat olje, om lag 271 000 fat NGL (Natural Gas Liquids) og 61 000 fat kondensat, totalt 2 273 000 fat væske.

I juni blei det produsert 17,8 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (Sm3 o.e). Dette er 1,7 millionar Sm3 o.e. meir enn i same månad i 2007.

Olje Gass Kondensat NGL SUM
Tidsrom mill.Sm3 mrd.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3o.e.
Juni 2008 9,3  7,0  0,3  1,3  17,8 
Juni 2007 8,9  5,8  0,3  1,2  16,1 
Differanse 0,4  1,2  0,0  0,1  1,7 

 

Produksjonen frå fleire felt har vært redusert i juni pga planlagt vedlikehald og Snøhvit var nedstengt i heile juni pga planlagt vedlikehald.

Så langt i 2008 er gjennomsnittleg oljeproduksjon per dag vel 2,1 millionar fat og total væskeproduksjon om lag 2,4 millionar fat. Den totale petroleumsproduksjonen dei seks første månadene i år er om lag 122,0 millionar Sm3 o.e. Dette er 3,5 millionar Sm3 o.e. meir enn i same periode i 2007.

Olje Gass Kondensat NGL SUM
Tidsrom mill.Sm3 mrd.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3o.e.
Jan-jun 2008 60,3  51,1  2,1  8,5  122,0 
Jan-jun 2007 64,6  43,9  1,6  8,4  118,5 
Differanse -4,3  7,2  0,4  0,1  3,5 


Førebels produksjonstal for juli 2008 viser gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 2,190 millionar fat olje og 0,372 millionar fat NGL og kondensat.

Norne og Urd har vore nedstengde ca 2 veker i juli pga planlagt vedlikehald.

Endelege produksjonstal er klare i første halvdel av september 2008.

Vær merksam på at det ligg ein tabell med oppdaterte produksjonstal for norsk kontinentalsokkel på OD sine faktasider. Framstillinga viser nå komplett historie per felt og for heile sokkelen per månad og år.


Norsk olje-, NGL og kondensatproduksjon 2006-2008

Norsk olje-, NGL og kondensatproduksjon 2006-2008
millionar fat per dag

 

Kontakt i OD:
Rune Hult, tlf. 51 87 60 77

Oppdatert: 14.12.2009