Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

mai 2008

17.07.2008 Pressemelding 39/2008: Gjennomsnittleg produksjon per dag i mai 2008 var om lag 2 177 000 fat olje, om lag 304 000 fat NGL (Natural Gas Liquids) og 70 000 fat kondensat, totalt 2 550 000 fat væske.

I mai blei det produsert 20,2 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (Sm3 o.e). Dette er 1,3 millionar Sm3 o.e. meir enn i same månad i 2007.

Olje Gass Kondensat NGL SUM
Tidsrom mill.Sm3 mrd.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3o.e.
Mai 2008 10,7  7,7  0,3  1,5  20,2 
Mai 2007 10,4  6,8  0,3  1,4  18,9 
Differanse 0,3  0,9  0,0  0,1  1,3 

 

Snøhvit var planlagt nedstengt 3 veker i mai.

Så langt i 2008 er gjennomsnittleg oljeproduksjon per dag vel 2,1 millionar fat.Den totale petroleumsproduksjonen dei fem første månadene i år er om lag 104,4 millionar Sm3 o.e. Dette er 2,1 millionar Sm3 o.e. meir enn i same periode i 2007.

Olje Gass Kondensat NGL SUM
Tidsrom mill.Sm3 mrd.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3o.e.
Jan-mai 2008 51,3  44,1  1,8  7,2  104,4 
Jan-mai 2007 55,6  38,1  1,4  7,2  102,3 
Differanse -4,3  6,0  0,4  0,0  2,1 
 

Førebels produksjonstal for juni 2008 viser gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,930 millionar fat olje og 0,272 millionar fat NGL og kondensat.

Flere felt har vært delvis nedstengt i juni pga planlagt vedlikehald.

Endelege produksjonstal er klare i første halvdel av august 2008.

Vær merksam på at det ligg ein tabell med oppdaterte produksjonstal for norsk kontinentalsokkel på OD sine faktasider. Framstillinga viser nå komplett historie per felt og for heile sokkelen per månad og år.



NGL og kondensatproduksjon 2006-2008


NGL og kondensatproduksjon 2006-2008
millionar fat per dag


Kontakt i OD:
Rune Hult, tlf. 51 87 60 77

Oppdatert: 14.12.2009