Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

november 2008

09.01.2009 Pressemelding 2/2009: Gjennomsnittleg produksjon per dag i november 2008 var om lag 2 185 000 fat olje, om lag 286 000 fat NGL (Natural Gas Liquids) og 91 000 fat kondensat, totalt 2 561 000 fat væske.

I november blei det produsert 21,6 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (Sm3 o.e). Dette er 0,4 millionar Sm3 o.e. meir enn i same månad i 2007.

Olje Gass Kondensat NGL SUM
Tidsrom mill.Sm3 mrd.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3o.e.
Nov 2008 10,4  9,4  0,4  1,4  21,6 
Nov 2007 10,5  8,7  0,4  1,5  21,2 
Differanse -0,1  0,7  0,0  -0,1  0,4 


Kvitebjørn har vore stengd og Visund har hatt redusert produksjon pga lekkasje på gassrøyr.

Så langt i 2008 er gjennomsnittleg oljeproduksjon per dag om lag 2,1 millionar fat og total væskeproduksjon om lag 2,4 millionar fat. Den totale petroleumsproduksjonen dei elleve første månadene i år er om lag 219,5 millionar Sm3 o.e. Dette er 3,0 millionar Sm3 o.e. meir enn i same periode i 2007.

Olje Gass Kondensat NGL SUM
Tidsrom mill.Sm3 mrd.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3o.e.
Jan-nov 2008 111,8  89,2  3,7  14,7  219,5 
Jan-nov 2007 117,6  80,6  3,1  15,1  216,5 
Differanse -5,8  8,6  0,6  -0,4  3,0 


Førebels produksjonstal for desember 2008 viser gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 2,195 millionar fat olje og 0,348 millionar fat NGL og kondensat.

Kvitebjørn har vore nedstengd heile desember pga lekkasje i eit gassrøyr.

Endelege produksjonstal er klare i første halvdel av februar 2009.

Vær merksam på at det ligg ein tabell med oppdaterte produksjonstal for norsk kontinentalsokkel på OD sine faktasider.

Framstillinga viser ei komplett historie per felt og for heile sokkelen per månad og år.

 

Norsk olje-, NGL og kondensatproduksjon 2006-2008

Norsk olje-, NGL og kondensatproduksjon 2006-2008
millionar fat per dag



Kontakt i OD:

Rune Hult, tlf. 51 87 60 77

Oppdatert: 14.12.2009