Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

oktober 2008

10.12.2008 Pressemelding 66/2008: Gjennomsnittleg produksjon per dag i oktober 2008 var om lag 2 179 000 fat olje, om lag 270 000 fat NGL (Natural Gas Liquids) og 62 000 fat kondensat, totalt 2 511 000 fat væske.

I oktober blei det produsert 21,2 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (Sm3 o.e). Dette er 0,2 millionar Sm3 o.e. meir enn i same månad i 2007.

Olje Gass Kondensat NGL SUM
Tidsrom mill.Sm3 mrd.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3o.e.
Okt 2008 10,7  8,8  0,3  1,3  21,2 
Okt 2007 10,8  8,4  0,3  1,4  21,0 
Differanse -0,1  0,4  0,0  -0,1  0,2 
 


 

 

 


Kristin, Oseberg Øst og Snøhvit har vore nedstengde  pga planlagt vedlikehald. Kvitebjørn har vore stengd og Visund har hatt redusert produksjon pga lekkasje på gassrør.

Så langt i 2008 er gjennomsnittleg oljeproduksjon per dag om lag 2,1 millionar fat og total væskeproduksjon om lag 2,4 millionar fat. Den totale petroleumsproduksjonen dei ti første månadene i år er om lag 197,9 millionar Sm3 o.e. Dette er 2,6 millionar Sm3 o.e. meir enn i same periode i 2007.

Olje Gass Kondensat NGL SUM
Tidsrom mill.Sm3 mrd.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3o.e.
Jan-okt 2008 101,5  79,8  3,3  13,3  197,9 
Jan-okt 2007 107,1  71,9  2,8  13,6  195,3 
Differanse -5,6  7,9  0,5  -0,3  2,6 


Førebels produksjonstal for november 2008 viser gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 2,169 millionar fat olje og 0,350 millionar fat NGL og kondensat.

Kvitebjørn har vore nedstengd heile november pga lekkasje i eit gassrøyr.

Endelege produksjonstal er klare i første halvdel av januar 2009.

Vær merksam på at det ligg ein tabell med oppdaterte produksjonstal for norsk kontinentalsokkel på OD sine faktasider.

Framstillinga viser ei komplett historie per felt og for heile sokkelen per månad og år.

 

Norsk olje-, NGL og kondensatproduksjon 2006-2008

 
Norsk olje-, NGL og kondensatproduksjon 2006-2008
millionar fat per dag


 

Kontakt i OD:
Rune Hult, tlf. 51 87 60 77

 

Oppdatert: 14.12.2009