Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

september 2008

13.11.2008 Pressemelding 61/2008: Gjennomsnittleg produksjon per dag i september 2008 var om lag 2 003 000 fat olje, om lag 165 000 fat NGL (Natural Gas Liquids) og 54 000 fat kondensat, totalt 2 222 000 fat væske.

mill.Sm3I september blei det produsert 17,0 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (Sm3 o.e). Dette er 1,1 millionar Sm3 o.e. mindre enn i same månad i 2007.

Olje Gass Kondensat NGL SUM
Tidsrom mill.Sm3 mrd.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3o.e.
Sep 2008 9,6  6,4  0,3  0,8  17,0 
Sep 2007 10,2  6,6  0,3  1,0  18,1 
Differanse -0,6  -0,2  0,0  -0,2  -1,1 


Produksjonen frå Kristin, Mikkel, Oseberg Øst, Vigdis, Sleipner Vest og Øst, Snorre A og Åsgard B var redusert i september pga planlagt vedlikehald. Kvitebjørn var stengt og Visund hadde redusert produksjon pga lekkasje på gassrør.

Så langt i 2008 er gjennomsnittleg oljeproduksjon per dag ca. 2,1 millionar fat og total væskeproduksjon om lag 2,4 millionar fat. Den totale petroleumsproduksjonen dei ni første månadene i år er om lag 176,7 millionar Sm3 o.e. Dette er 2,4 millionar Sm3 o.e. meir enn i same periode i 2007.

Olje Gass Kondensat NGL SUM
Tidsrom mill.Sm3 mrd.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3o.e.
Jan-sep 2008 90,8  71,0  3,0  12,0  176,7 
Jan-sep 2007 96,2  63,6  2,4  12,1  174,3 
Differanse -5,4  7,5  0,6  -0,1  2,4 


Førebels produksjonstal for oktober 2008 viser gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 2,205 millionar fat olje og 0,321 millionar fat NGL og kondensat.

Snøhvit var nedstengd 3 uker i oktober pga planlagt vedlikehald. Kvitebjørn var nedstengd heile oktober pga lekkasje i eit gassrøyr.

Endelege produksjonstal er klare i første halvdel av desember 2008.

Vær merksam på at det ligg ein tabell med oppdaterte produksjonstal for norsk kontinentalsokkel på OD sine faktasider.

Framstillinga viser ein komplett historie per felt og for heile sokkelen per månad og år.


 

Norsk olje-, NGL og kondensatproduksjon 2006-2008


Norsk olje-, NGL og kondensatproduksjon 2006-2008

millionar fat per dag



Kontakt i OD:
Rune Hult, tlf. 51 87 60 77



 

Oppdatert: 07.01.2010