Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

August 2009

09.10.2009 Gjennomsnittleg produksjon per dag i august 2009 var om lag 1 891 000 fat olje, om lag 273 000 fat NGL (Natural Gas Liquids) og 79 000 fat kondensat, totalt 2 253 000 fat væske.

I august blei det produsert 18,5 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (Sm3 o.e). Dette er 1,2 millionar Sm3 o.e. meir enn i same månad i 2008.

Olje Gass Kondensat NGL SUM
Tidsrom mill.Sm3 mrd.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3o.e.
August 2009 9,3  7,4  0,4  1,3  18,5 
August 2008 9,8  6,0  0,3  1,2  17,3 
Differanse -0,5  1,4  0,1  0,1  1,2 


Produksjonen frå fleire felt var redusert i august pga. planlagt vedlikehald

Så langt i 2009 er gjennomsnittleg oljeproduksjon per dag om lag 2,0 millionar fat og total væskeproduksjon om lag 2,4 millionar fat. Den totale petroleumsproduksjonen dei fire første månadene i år er om lag 160,2 millionar Sm3 o.e. Dette er 0,5 millionar Sm3 o.e. meir enn i same periode i 2008.

Olje Gass Kondensat NGL SUM
Tidsrom mill.Sm3 mrd.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3o.e.
Jan-aug 2009 77,0  69,3  3,2  10,7  160,2 
Jan-aug 2008 81,1  64,7  2,7  11,2  159,7 
Differanse -4,1  4,6  0,4  -0,5  0,5 


Førebels produksjonstal for september 2009 viser gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,870 millionar fat olje, 0,291 millionar fat NGL og kondensat og totalt 7,2 mrd. Sm3 netto gass i september.

Produksjonen frå Vigdis, Snorre og Snøhvit felta var redusert i september pga. planlagt vedlikehald

Endelege produksjonstal er klare i første halvdel av november 2009.

Vær merksam på at det ligg ein tabell med oppdaterte produksjonstal for norsk kontinentalsokkel på OD sine faktasider. Framstillinga viser nå komplett historie per felt og for heile sokkelen per månad og år. 

 

Norsk olje-, NGL og kondensatproduksjon 2006-2009

Norsk olje-, NGL og kondensatproduksjon 2006-2009
millionar fat per dag

 

Kontakt i OD:
Rune Hult, tlf. 51 87 60 77

Oppdatert: 09.12.2009