Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Juli 2009

11.09.2009 Gjennomsnittleg produksjon per dag i juli 2009 var om lag 2 071 000 fat olje, om lag 283 000 fat NGL (Natural Gas Liquids) og 76 000 fat kondensat, totalt 2 430 000 fat væske.

I juli blei det produsert 20,1 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (Sm3 o.e). Dette er 0,3 millionar Sm3 o.e. mindre enn i same månad i 2008.

Olje Gass Kondensat NGL SUM
Tidsrom mill.Sm3 mrd.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3o.e.
Juli 2009 10,2  8,1  0,4  1,4  20,1 
Juli 2008 11,0  7,6  0,4  1,5  20,4 
Differanse -0,8  0,5  0,0  -0,1  -0,3 

Produksjonen frå fleire felt var redusert i juli pga. planlagt vedlikehald. Produksjonen frå Tyrihans feltet og testproduksjon frå 33/9-6 Delta starta.

Så langt i 2009 er gjennomsnittleg oljeproduksjon per dag om lag 2,0 millionar fat og total væskeproduksjon om lag 2,4 millionar fat. Den totale petroleumsproduksjonen dei fire første månadene i år er om lag 141,7 millionar Sm3 o.e. Dette er 0,7 millionar Sm3 o.e. mindre enn i same periode i 2008.

Olje Gass Kondensat NGL SUM
Tidsrom mill.Sm3 mrd.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3o.e.
Jan-juli 2009 67,7  61,8  2,8  9,3  141,7 
Jan-juli 2008 71,3  58,7  2,4  9,9  142,4 
Differanse -3,6  3,1  0,4  -0,6  -0,7 

Førebels produksjonstal for august 2009 viser gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,906 millionar fat olje, 0,350 millionar fat NGL og kondensat og totalt 7,4 mrd. Sm3 netto gass i august.

Produksjonen frå fleire felt var redusert i august pga. planlagt vedlikehald

Endelege produksjonstal er klare i første halvdel av oktober 2009.

Vær merksam på at det ligg ein tabell med oppdaterte produksjonstal for norsk kontinentalsokkel på OD sine faktasider.

Framstillinga viser nå komplett historie per felt og for heile sokkelen per månad og år.


Norsk olje-, NGL og kondensatproduksjon 2006-2009

Norsk olje-, NGL og kondensatproduksjon 2006-2009

millionar fat per dag


Kontakt i OD:
Rune Hult, tlf. 51 87 60 77

Oppdatert: 09.12.2009