Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Juni 2009

14.08.2009 Pressemelding 53/2009: Gjennomsnittleg produksjon per dag i juni 2009 var om lag 1 773 000 fat olje, om lag 241 000 fat NGL (Natural Gas Liquids) og 77 000 fat kondensat, totalt 2 091 000 fat væske.

I juni blei det produsert 17,3 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (Sm3 o.e). Dette er 0,5 millionar Sm3 o.e. mindre enn i same månad i 2008. 

Olje Gass Kondensat NGL SUM
Tidsrom mill.Sm3 mrd.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3o.e.
Juni 2009 8,5  7,3  0,4  1,2  17,3 
Juni 2008 9,3  7,0  0,3  1,3  17,8 
Differanse -0,8  0,3  0,1  -0,1  -0,5 

Produksjonen frå fleire felt var redusert i juni pga. planlagt vedlikehald
Valhall og Hod var nedstengd halve månaden på grunn av korrosjonsproblem.

Så langt i 2009 er gjennomsnittleg oljeproduksjon per dag om lag 2,0 millionar fat og total væskeproduksjon om lag 2,4 millionar fat. Den totale petroleumsproduksjonen dei fire første månadene i år er om lag 121,6 millionar Sm3 o.e. Dette er 0,4 millionar Sm3 o.e. mindre enn i same periode i 2008.

Olje Gass Kondensat NGL SUM
Tidsrom mill.Sm3 mrd.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3o.e.
Jan-juni 2009 57,5  53,8  2,4  7,9  121,6 
Jan-juni 2008 60,3  51,2  2,1  8,5  122,0 
Differanse -2,8  2,6  0,3  -0,5  -0,4 


Førebels produksjonstal for juli 2009 viser gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 2,010 millionar fat olje, 0,352 millionar fat NGL og kondensat og totalt 8,1 mrd. Sm3 netto gass i juni.

Produksjonen frå Tyrihans feltet starta 8 Juli.

Endelege produksjonstal er klare i første halvdel av september 2009.

Vær merksam på at det ligg ein tabell med oppdaterte produksjonstal for norsk kontinentalsokkel på OD sine faktasider.

Framstillinga viser nå komplett historie per felt og for heile sokkelen per månad og år.


Norsk olje-, NGL og kondensatproduksjon 2006-2009

Norsk olje-, NGL og kondensatproduksjon 2006-2009
millionar fat per dag


Kontakt i OD:
Rune Hult, tlf. 51 87 60 77

Oppdatert: 09.12.2009