Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Oktober 2009

09.12.2009 Gjennomsnittleg væskeproduksjon per dag i oktober 2009 var om lag 2 009 000 fat olje, 283 000 fat NGL (Natural Gas Liquids) og 68 000 fat kondensat, totalt 2 360 000 fat væske.

I oktober blei det produsert 19,8 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (Sm3 o.e). Dette er 1,4 millionar Sm3 o.e. mindre enn i same månad i 2008.


Olje Gass Kondensat NGL SUM
Tidsrom mill.Sm3 mrd.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3o.e.
Okt. 2009 9,9  8,2  0,3  1,4  19,8 
Okt. 2008 10,7  8,8  0,3  1,3  21,2 
Differanse -0,8  -0,6  0,0  0,1  1,4 

 

Produksjonen på Snøhvitfeltet var stengt i oktober pga. planlagt vedlikehald. Produksjonen frå Vigdis- og Snorrefelta var og redusert pga. planlagt vedlikehald.

Så langt i 2009 er gjennomsnittleg oljeproduksjon per dag om lag 2,0 millionar fat, og total væskeproduksjon om lag 2,3 millionar fat. Den totale petroleumsproduksjonen dei ti første månadene i år er om lag 197,2 millionar Sm3 o.e. Dette er 0,6 millionar Sm3 o.e. mindre enn i same periode i 2008.

Olje Gass Kondensat NGL SUM
Tidsrom mill.Sm3 mrd.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3o.e.
Jan-okt 2009 95,8  84,4  3,8  13,3  197,2 
Jan-okt 2008 101,4  79,8  3,3  13,3  197,8 
Differanse -5,6  4,5  0,5  0,0  -0,6 

Førebels produksjonstal for november 2009 viser gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 2,064 millionar fat olje, 0,344 millionar fat NGL og kondensat og totalt 9,0 mrd. Sm3 netto gass.

Produksjonen frå Snøhvit- og Valefelta var stengt i november pga. planlagt vedlikehald og tekniske problem. Volund ventar på ledig kapasitet på Alvheim og er stengt inntil vidare.

Endelege produksjonstal for november er klare i første halvdel av januar 2010.

Vær merksam på at det ligg ein tabell med oppdaterte produksjonstal for norsk kontinentalsokkel på OD sine faktasider.

Framstillinga viser nå komplett historie per felt og for heile sokkelen per månad og år.


 

Norsk olje-, NGL og kondensatproduksjon 2006-2009


Norsk olje-, NGL og kondensatproduksjon 2006-2009
millionar fat per dag


Kontakt i OD:
Rune Hult, tlf. 51 87 60 77 
 

Oppdatert: 09.12.2009