Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

September 2009

12.11.2009 Gjennomsnittleg produksjon per dag i september 2009 var om lag 1 868 000 fat olje, 249 000 fat NGL (Natural Gas Liquids) og 55 000 fat kondensat, totalt 2 172 000 fat væske.

I september blei det produsert 17,6 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (Sm3 o.e). Dette er 0,6 millionar Sm3 o.e. meir enn i same månad i 2008.

Olje Gass Kondensat NGL SUM
Tidsrom mill.Sm3 mrd.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3o.e.
Sept. 2009 8,9  7,2  0,3  1,2  17,6 
Sept. 2008 9,5  6,4  0,3  0,8  17,0 
Differanse -0,6  0,8  0,0  0,4  0,6 


Produksjonen frå Vigdis, Snorre og Snøhvit felta var redusert i september pga. planlagt vedlikehald. Produksjonen frå Volund feltet starta i september.

Så langt i 2009 er gjennomsnittleg oljeproduksjon per dag om lag 2,0 millionar fat og total væskeproduksjon om lag 2,3 millionar fat. Den totale petroleumsproduksjonen dei ni første månadene i år er om lag 177,4 millionar Sm3 o.e. Dette er 0,7 millionar Sm3 o.e. meir enn i same periode i 2008.

Olje Gass Kondensat NGL SUM
Tidsrom mill.Sm3 mrd.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3o.e.
Jan-sep 2009 85,9  76,2  3,4  11,9  177,4 
Jan-sep 2008 90,7  71,0  3,0  11,9  176,7 
Differanse -4,8  5,2  0,4  0,0  0,7 


Førebels produksjonstal for oktober 2009 viser gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,954 millionar fat olje, 0,340 millionar fat NGL og kondensat og totalt 8,2 mrd. Sm3 netto gass.

Produksjonen frå Snøhvit feltet var stengt i oktober pga. planlagt vedlikehald

Endelege produksjonstal for oktober er klare i første halvdel av desember 2009.

Vær merksam på at det ligg ein tabell med oppdaterte produksjonstal for norsk kontinentalsokkel på OD sine faktasider. Framstillinga viser nå komplett historie per felt og for heile sokkelen per månad og år.

 

Norsk olje-, NGL og kondensatproduksjon 2006-2009

Norsk olje-, NGL og kondensatproduksjon 2006-2009
millionar fat per dag


Kontakt i OD:
Rune Hult, tlf. 51 87 60 77  

 

Oppdatert: 09.12.2009