Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

April 2009

12.06.2009 Pressemelding 35/2009: Gjennomsnittleg produksjon per dag i april 2009 var om lag 1 989 000 fat olje, om lag 288 000 fat NGL (Natural Gas Liquids) og 83 000 fat kondensat, totalt 2 361 000 fat væske.

I april blei det produsert 20,0 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (Sm3 o.e). Dette er 0,1 millionar Sm3 o.e. meir enn i same månad i 2008.

Olje Gass Kondensat NGL SUM
Tidsrom mill.Sm3 mrd.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3o.e.
April 2009 9,5  8,7  0,4  1,4  20,0 
April 2008 9,7  8,5  0,4  1,3  19,9 
Differanse -0,2  0,2  0,0  0,1  0,1 


Statfjord B hadde revisjonsstans 4-30 april. Valhall, Hod og Urd har hatt redusert produksjon pga tekniske problemer og Vigdis pga pigging av produksjonsrør.

Så langt i 2009 er gjennomsnittleg oljeproduksjon per dag om lag 2,1 millionar fat og total væskeproduksjon om lag 2,5 millionar fat. Den totale petroleumsproduksjonen dei fire første månadene i år er om lag 85,9 millionar Sm3 o.e. Dette er 1,7 millionar Sm3 o.e. meir enn i same periode i 2008.

Olje Gass Kondensat NGL SUM
Tidsrom mill.Sm3 mrd.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3o.e.
Jan-apr 2009 40,1  38,5  1,7  5,5  85,9 
Jan-apr 2008 40,6  36,5  1,4  5,7  84,2 
Differanse -0,5  2,0  0,3  -0,2  1,7 
 

Førebels produksjonstal for mai 2009 viser gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,789 millionar fat olje og 0,339 millionar fat NGL og kondensat og totalt 7,9 mrd. Sm3 netto gass i mai.

Produksjonen frå Alvheim, Draugen, Kvitebjørn, Njord, Tordis og Statfjord feltene har vært redusert i mai pga planlagt vedlikehald. Valhall og Hod feltene har vært nedstengd heile månaden på grunn av korrosjonsproblemer.

Endelege produksjonstal er klare i første halvdel av juli 2009.

Vær merksam på at det ligg ein tabell med oppdaterte produksjonstal for norsk kontinentalsokkel på OD sine faktasider.

Framstillinga viser nå komplett historie per felt og for heile sokkelen per månad og år.

 

Norsk olje-, NGL og kondensatproduksjon 2006-2009


Norsk olje-, NGL og kondensatproduksjon 2006-2009
millionar fat per dag


Kontakt i OD:
Rune Hult, tlf. 51 87 60 77

Oppdatert: 10.12.2009