Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Februar 2009

16.04.2009 Pressemelding 21/2009: Gjennomsnittleg produksjon per dag i februar 2009 var om lag 2 167 000 fat olje, om lag 306 000 fat NGL (Natural Gas Liquids) og 93 000 fat kondensat, totalt 2 566 000 fat væske.

I februar blei det produsert 21,2 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (Sm3 o.e). Dette er 0,6 millionar Sm3 o.e. meir enn i same månad i 2008.

Olje Gass Kondensat NGL SUM
Tidsrom mill.Sm3 mrd.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3o.e.
Februar 2009 9,6  9,8  0,4  1,4  21,2 
Februar 2008 9,7  9,2  0,4  1,4  20,6 
Differanse -0,1  0,6  0,0  0,0  0,6 


Så langt i 2009 er gjennomsnittleg oljeproduksjon per dag om lag 2,1 millionar fat og total væskeproduksjon om lag 2,5 millionar fat. Den totale petroleumsproduksjonen dei to første månadene i år er om lag 43,6 millionar Sm3 o.e. Dette er 1,3 millionar Sm3 o.e. meir enn i same periode i 2008.

Olje Gass Kondensat NGL SUM
Tidsrom mill.Sm3 mrd.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3o.e.
Jan-feb 2009 20,0  20,0  0,8  2,7  43,6 
Jan-feb 2008 20,3  18, 4  0,7  2,8  42,3 
Differanse -0,3  1,6  0,1  -0,1  1,3 
 

Førebels produksjonstal for mars 2009 viser gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 2,153 millionar fat olje og 0,348 millionar fat NGL og kondensat og totalt 9,7 mrd. Sm3 netto gass i mars.

Alvefeltet startet å produsere ila mars.

Endelege produksjonstal er klare i første halvdel av mai 2009.

Vær merksam på at det ligg ein tabell med oppdaterte produksjonstal for norsk kontinentalsokkel på OD sine faktasider. Framstillinga viser nå komplett historie per felt og for heile sokkelen per månad og år.

 

Norsk olje-, NGL og kondensatproduksjon 2006-2009

Norsk olje-, NGL og kondensatproduksjon 2006-2009
millionar fat per dag

  

Kontakt i OD:
Rune Hult, tlf. 51 87 60 77 

Oppdatert: 07.01.2010