Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

januar 2009

11.03.2009 Pressemelding 15/2009: Gjennomsnittleg produksjon per dag i januar 2009 var om lag 2 108 000 fat olje, om lag 266 000 fat NGL (Natural Gas Liquids) og 87 000 fat kondensat, totalt 2 461 000 fat væske.

I januar blei det produsert 22,4 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (Sm3 o.e). Dette er 0,7 millionar Sm3 o.e. meir enn i same månad i 2008.


Olje

Gass

Kondensat

NGL

SUM

Tidsrom mill.Sm3 mrd.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3o.e.
Januar 2009

10,4 

10,3 

0,4 

1,3 

22,4 

Januar 2008

10,6 

9,2 

0,3 

1,5 

21,7 

Differanse

-0,2 

1,1 

0,1 

-0,2 

0,7 

 

På Kvitebjørn starta produksjonen igjen 27 januar etter å ha vore nedstengd sidan august 2008. Felta Yttergryta og Rev starta produksjon i januar.

Førebels produksjonstal for februar 2009 viser ein gjennomsnittleg produksjon per dag på om lag 2,161 millionar fat olje, 0,340 millionar fat NGL og kondensat og totalt 9,7 mrd. Sm3 netto gass i februar.

Endelege produksjonstal er klare i første halvdel av april 2009.

Vær merksam på at det ligg ein tabell med oppdaterte produksjonstal for norsk kontinentalsokkel på OD sine faktasider. Framstillinga viser nå komplett historie per felt og for heile sokkelen per månad og år. 

 

Norsk olje-, NGL og kondensatproduksjon 2006-2009

Norsk olje-, NGL og kondensatproduksjon 2006-2009
millionar fat per dag

 

Kontakt i OD:
Rune Hult, tlf. 51 87 60 77

Oppdatert: 10.12.2009