Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Mars 2009

09.05.2009 Pressemelding 24/2009: Gjennomsnittleg produksjon per dag i mars 2009 var om lag 2 149 000 fat olje, om lag 300 000 fat NGL (Natural Gas Liquids) og 89 000 fat kondensat, totalt 2 538 000 fat væske.

I mars blei det produsert 22,2 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (Sm3 o.e). Dette er 0,3 millionar Sm3 o.e. meir enn i same månad i 2008.

Olje Gass Kondensat NGL SUM
Tidsrom mill.Sm3 mrd.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3o.e.
Mars 2009 10,6  9,7  0,4  1,5  22,2 
Mars 2008 10,5  9,5  0,3  1,5  21,9 
Differanse 0,1  0,2  0,1  0,0  0,3 


Så langt i 2009 er gjennomsnittleg oljeproduksjon per dag om lag 2,1 millionar fat og total væskeproduksjon om lag 2,5 millionar fat. Den totale petroleumsproduksjonen dei tre første månadene i år er om lag 65,9 millionar Sm3 o.e. Dette er 1,6 millionar Sm3 o.e. meir enn i same periode i 2008.

Olje Gass Kondensat NGL SUM
Tidsrom mill.Sm3 mrd.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3o.e.
Jan-mar 2009 30,6  29,8  1,3  4,2  65,9 
Jan-mar 2008 30,9  27,9  1,1  4,3  64,2 
Differanse -0,3  1,8  0,2  -0,1  1,6 

Førebels produksjonstal for april 2009 viser gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,993 millionar fat olje og 0,350 millionar fat NGL og kondensat og totalt 8,6 mrd. Sm3 netto gass i april.

Statfjord B hadde revisjonsstans frå 4. til 30. april. Felta Valhall, Hod og Urd har hatt redusert produksjon på grunn av tekniske problem og Vigdis på grunn av  pigging av produksjonsrøyr.

Endelege produksjonstal er klare i første halvdel av juni 2009.

Vær merksam på at det ligg ein tabell med oppdaterte produksjonstal for norsk kontinentalsokkel på OD sine faktasider. Framstillinga viser nå komplett historie per felt og for heile sokkelen per månad og år.


Norsk olje-, NGL og kondensatproduksjon 2006-2009
Norsk olje-, NGL og kondensatproduksjon 2006-2009
millionar fat per dag

 

Kontakt i OD:
Rune Hult, tlf. 51 87 60 77

Oppdatert: 10.12.2009