Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Desember 2009

09.02.2010 Gjennomsnittleg væskeproduksjon per dag i desember 2009 var om lag 1 998 000 fat olje, 274 000 fat NGL (Natural Gas Liquids) og 75 000 fat kondensat, totalt 2 347 000 fat væske.

I desember blei det produsert 21,6 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (Sm3 o.e). Dette er 1,0 millionar Sm3 o.e. mindre enn i same månad i 2008.


 

Olje Gass Kondensat NGL Sum
Tidsrom mill.Sm3 mrd.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3o.e.
Des. 2009 9,8 10,0 0,4 1,4 21,6
Des. 2008 10,8 10,0 0,4 1,4 22,6
Differanse -1,0 0,0 0,0 0,0 -1,0

 

Produksjonen frå Tordis, Vale og Volund var redusert pga. tekniske problem.

I 2009 ble gjennomsnittleg oljeproduksjon per dag om lag 2,0 millionar fat, og total væskeproduksjon om lag 2,3 millionar fat. Den totale petroleumsproduksjonen i 2009 ble om lag 239,4 millionar Sm3 o.e. Dette er 2,7 millionar Sm3 o.e. mindre enn i 2008.

 

Olje Gass Kondensat NGL Sum
Tidsrom mill.Sm3 mrd.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3o.e.
Jan-des 2009 115,5 103,5 4,4 16,0 239,4
Jan-des 2008 122,7 99,2 4,2 16,0 242,1
Differanse -7,2 4,2 0,2 0,0 -2,7

 
 
Førebels produksjonstal for januar 2010 viser gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,994 millionar fat olje, 0,346 millionar fat NGL og kondensat og totalt 10,6 mrd. Sm3 netto gass.

Produksjonen frå Tordis og Vale var redusert i januar pga tekniske problem. Volund ventar på ledig kapasitet på Alvheim og er stengt inntil vidare.

Endelege produksjonstal for januar 2010 er klare i første halvdel av mars.

Vær merksam på at det ligg ein tabell med oppdaterte produksjonstal for norsk kontinentalsokkel på OD sine faktasider.

Framstillinga viser nå komplett historie per felt og for heile sokkelen per månad og år.

 

Norsk olje-, NGL og kondensatproduksjon 2007-2010

Norsk olje-, NGL og kondensatproduksjon 2007-2010
millionar fat per dag


Kontakt i OD:
Rune Hult, tlf. 51 87 60 77

Oppdatert: 10.02.2010