Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Februar 2010

22.04.2010 Gjennomsnittleg væskeproduksjon per dag i februar 2010 var om lag 1 958 000 fat olje, 300 000 fat NGL (Natural Gas Liquids) og 80 000 fat kondensat, totalt 2 337 000 fat væske.

I februar blei det produsert 20,1 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (Sm3 o.e). Dette er 1,1 millionar Sm3 o.e. mindre enn i same månad i 2009.


Olje Gass Kondensat NGL Sum
Tidsrom mill.Sm3 mrd.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3o.e.
Feb. 2010 8,7 9,7 0,4 1,3 20,1
Feb. 2009 9,6 9,8 0,4 1,4 21,2
Differanse -0,9 -0,1 0,0 -0,1 -1,1


Produksjonen frå Vale var stengd pga. tekniske problem og produksjonen frå Draugen var stengd i periodar pga kulde.

Så langt i 2010 er gjennomsnittleg oljeproduksjon per dag om lag 2,0 millionar fat og total væskeproduksjon om lag 2,3 millionar fat. Den totale petroleumsproduksjonen dei to første månadene i år er om lag 42,3 millionar Sm3 o.e. Dette er 1,3 millionar Sm3 o.e. mindre enn i same periode i 2009.


Olje Gass Kondensat NGL Sum
Tidsrom mill.Sm3 mrd.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3o.e.
Jan-feb. 2010 18,5 20,4 0,7 2,7 42,3
Jan-feb. 2009 20,0 20,1 0,8 2,7 43,6
Differanse -1,5 0,3 -0,1 0,0 -1,3



Førebels produksjonstal for mars 2010 viser gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,916 millionar fat olje, 0,347 millionar fat NGL og kondensat og totalt 10,5 mrd. Sm3 netto gass.

Produksjonen frå Vale var delvis stengd i mars pga tekniske problem og på Draugen i periodar pga kulde. Volund ventar på ledig kapasitet på Alvheim og er stengt inntil vidare.

Endelege produksjonstal for mars er klare i første halvdel av mai 2010.

Vær merksam på at det ligg ein tabell med oppdaterte produksjonstal for norsk kontinentalsokkel på OD sine faktasider. Framstillinga viser nå komplett historie per felt og for heile sokkelen per månad og år.

 

Norsk olje-, NGL og kondensatproduksjon 2007-2010

Norsk olje-, NGL og kondensatproduksjon 2007-2010
millionar fat per dag


Kontakt i OD:


Rune Hult, tlf. 51 87 60 77


Oppdatert: 22.04.2010