Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Januar 2010

10.03.2010 Gjennomsnittleg dagsproduksjon i januar 2010 var om lag 1 988 000 fat olje, om lag 282 000 fat NGL (Natural Gas Liquids) og 72 000 fat kondensat, totalt 2 342 000 fat væske.

I januar blei det produsert 22,2 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (Sm3 o.e). Dette er 0,2 millionar Sm3 o.e. mindre enn i same månad i 2009.

 

  OljeGassKondensatNGLSum
Tidsrom mill.Sm3 mrd.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3o.e.
Januar 2010 9,8 10,6 0,4 1,4 22,2
Januar 2009 10,4 10,3 0,4 1,3 22,4
Differanse -0,6 0,3 0,0 0,1 -0,2



Produksjonen på Valefeltet var stengd i januar på grunn av tekniske problem.

Førebels produksjonstal for februar 2010 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 2,007 millionar fat olje, 0,326 millionar fat NGL og kondensat og totalt 9,7 mrd. Sm3 netto gass.

Produksjonen frå Draugenfeltet var redusert i februar på grunn av problem med kulde.

Endelege produksjonstal er klare i første halvdel av april 2010.

Vær merksam på at det ligg ein tabell med oppdaterte produksjonstal for norsk kontinentalsokkel på OD sine faktasider.

Framstillinga viser nå komplett historie per felt og for heile sokkelen per månad og år.

 

Norsk olje-, NGL og kondensatproduksjon 2007-2010

Norsk olje-, NGL og kondensatproduksjon 2007-2010
millionar fat per dag


Kontakt i Oljedirektoratet:
Rune Hult, tlf. 51 87 60 77  

Oppdatert: 22.01.2013