Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Mars 2010

12.05.2010 Gjennomsnittleg væskeproduksjon per dag i mars 2010 var om lag 1 912 000 fat olje, 283 000 fat NGL (Natural Gas Liquids) og 71 000 fat kondensat, totalt 2 266 000 fat væske.

I mars blei det produsert 21,6 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (Sm3 o.e). Dette er 0,6 millionar Sm3 o.e. mindre enn i same månad i 2009.

Produksjonen frå Vale var stengd pga. tekniske problem og produksjonen frå Draugen var stengd i periodar pga kulde.

Så langt i 2010 er gjennomsnittleg oljeproduksjon per dag om lag 1,9 millionar fat og total væskeproduksjon om lag 2,3 millionar fat. Den totale petroleumsproduksjonen dei tre første månadene i år er om lag 63,9 millionar Sm3 o.e. Dette er 1,8 millionar Sm3 o.e. mindre enn i same periode i 2009.

Førebels produksjonstal for april 2010 viser gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,902 millionar fat olje, 0,334 millionar fat NGL og kondensat og totalt 8,5 mrd. Sm3 netto gass.

Produksjonen frå Vale var stengd i april pga tekniske problem og på Draugen i periodar pga kulde.

Endelege produksjonstal for april er klare i første halvdel av juni 2010.

Vær merksam på at det ligg ein tabell med oppdaterte produksjonstal for norsk kontinentalsokkel på OD sine faktasider.

Framstillinga viser nå komplett historie per felt og for heile sokkelen per månad og år.

Norsk olje-, NGL og kondensatproduksjon 2007-2010

Norsk olje-, NGL og kondensatproduksjon 2007-2010
millionar fat per dag

 

Kontakt i OD:
Rune Hult, tlf. 51 87 60 77

Oppdatert: 12.05.2010