Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

November 2009

08.01.2010 Gjennomsnittleg væskeproduksjon per dag i november 2009 var om lag 2 055 000 fat olje, 292 000 fat NGL (Natural Gas Liquids) og 68 000 fat kondensat, totalt 2 416 000 fat væske.

I november blei det produsert 20,5 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (Sm3 o.e). Dette er 1,1 millionar Sm3 o.e. mindre enn i same månad i 2008.
 

Olje Gass Kondensat NGL SUM
Tidsrom mill.Sm3 mrd.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3o.e.
November 2009 9,8 9,0 0,3 1,4 20,5
November 2008 10,4 9,4 0,4 1,4 21,6
Differanse -0,6 -0,4 -0,1 0,0 -1,1

Produksjonen på Snøhvit var stengd i november pga. planlagt vedlikehald. Produksjonen frå Vale og Volund var og stengd pga. tekniske problem.

Faktasidene vil føre bels ikke bli oppdatert med november tall pga tekniske problem.

Så langt i 2009 er gjennomsnittleg oljeproduksjon per dag om lag 2,0 millionar fat, og total væskeproduksjon om lag 2,3 millionar fat. Den totale petroleumsproduksjonen dei elleve første månadene i år er om lag 217,8 millionar Sm3 o.e. Dette er 1,7 millionar Sm3 o.e. mindre enn i same periode i 2008.


Olje Gass Kondensat NGL SUM
Tidsrom mill.Sm3 mrd.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3 mill.Sm3o.e.
Jan-nov 2009 105,6 93,4 4,1 14,7 217,8
Jan-nov 2008 111,8 89,3 3,7 14,7 219,5
Differanse -6,2 4,1 0,4 0,0 -1,7

 
 
Førebels produksjonstal for desember 2009 viser gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 2,010 millionar fat olje, 0,345 millionar fat NGL og kondensat og totalt 10,0 mrd. Sm3 netto gass.

Produksjonen frå Snøhvit og Vale var delvis stengd i desember pga. planlagt vedlikehald og tekniske problem. Volund ventar på ledig kapasitet på Alvheim og er stengt inntil vidare.

Endelege produksjonstal for desember er klare i første halvdel av februar 2010.

Vær merksam på at det ligg ein tabell med oppdaterte produksjonstal for norsk kontinentalsokkel på OD sine faktasider.

Framstillinga viser nå komplett historie per felt og for heile sokkelen per månad og år.

 


Norsk olje-, NGL og kondensatproduksjon 2006-2009

Norsk olje-, NGL og kondensatproduksjon 2006-2009
millionar fat per dag



Kontakt i OD:
Rune Hult, tlf. 51 87 60 77

Oppdatert: 13.01.2010