Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Oktober 2010

09.12.2010 I oktober 2010 var den gjennomsnittlege dagsproduksjonen 2 230 000 fat olje, NGL og kondensat. Det er ein oppgang på ca 406 000 fat frå september.

Den totale gassproduksjonen var 9,3 milliardar standard kubikkmeter (Sm3), ein oppgang på 3,6 milliardar frå månaden før.

 

Oljeproduksjon 2010

 

Væskeproduksjonen i oktober fordeler seg slik: 1 868 000 fat olje, 278 000 fat NGL og 84 000 fat kondensat.

Produksjonen frå nokre felt var redusert i periodar i oktober på grunn av diverse tekniske problem.

 

 Væskeproduksjon 2010

 

Så langt i 2010 (ut oktober) er gjennomsnittleg oljeproduksjon per dag om lag 1,8 millionar fat. Dette er marginalt mindre enn OD sin prognose som også inneheld Yme som ikkje har starta å produsere enda. Total væskeproduksjon per dag er om lag 2,1 millionar fat.

Den totale petroleumsproduksjonen dei ti første månadene i år er om lag 188,5 millionar Sm3 o.e. Dette er fordelt slik: olje 86,9 millionar Sm3 o.e, NGL og kondensat 16,2 millionar Sm3 o.e, og gass 85,4 millionar Sm3 o.e. Produksjonen er 9,4 millionar Sm3 o.e. lågare enn i same periode i 2009.  
                                                                                                     

 Gassproduksjon 2010

Førebels produksjonstal for november 2010 viser gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,791 millionar fat olje, 0,331 millionar fat NGL og kondensat og totalt 10,1 milliardar Sm3 gass.

Produksjonen frå nokre felt var redusert i periodar i november på grunn av diverse tekniske problem.

Endelege produksjonstal for november blir tilgjengelege i januar.


Kontaktperson i OD:
Rune Hult tlf. 51 87 60 77

Oppdatert: 09.12.2010