Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

August 2010

08.10.2010 I august 2010 var den gjennomsnittlege dagsproduksjonen 1 818 000 fat olje, NGL og kondensat. Det er ein nedgang på ca 300 000 fat frå juli. Den totale gassproduksjonen var 6,0 milliardar standard kubikkmeter (Sm3), ein nedgang på 1,5 milliardar frå månaden før.

 

Oljeproduksjon 2010

 

Væskeproduksjonen i august fordeler seg slik: 1 603 000 fat olje, 170 000 fat NGL og 45 000 fat kondensat.

Produksjonen frå fleire felt var stengd i periodar i august på grunn av planlagd revisjonsstans. Det same var Kårstøanlegget.

 

Væskeproduksjon 2010

 

Så langt i 2010 (ut august) er gjennomsnittleg oljeproduksjon per dag om lag 1,8 millionar fat, som er marginalt mindre enn ODs prognose og total væskeproduksjon om lag 2,2 millionar fat. Den totale petroleumsproduksjonen dei åtte første månadene i år er om lag 153,3 millionar Sm3 o.e. Dette er fordelt slik: olje 70,1 millionar Sm3 o.e, NGL og kondensat 12,8 millionar Sm3 o.e, og gass 70,4 millionar Sm3 o.e.  Produksjonen er 6,4 millionar Sm3 o.e. lågare enn i same periode i 2009.

 

Gassproduksjon 2010

 

Førebels produksjonstal for september 2010 viser gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,572 millionar fat olje, 0,205 millionar fat NGL og kondensat og totalt 5,7 milliardar Sm3 gass.

Produksjonen frå fleire felt var stengd i periodar i september på grunn av planlagd revisjonsstans. Det same var Kårstøanlegget.

Endelege produksjonstal for september blir tilgjengelege i november.


Kontaktperson i OD:
Rune Hult tlf. 51 87 60 77

 

Oppdatert: 08.10.2010