Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Juli 2010

10.09.2010 I juli 2010 var den gjennomsnittlege dagsproduksjonen 2 117 000 fat olje, NGL og kondensat. Det er ein oppgang på ca 245 000 fat frå juni. Den totale gassproduksjonen var 7,6 milliardar standard kubikkmeter (Sm3), ein nedgang på 0,9 milliardar frå månaden før.

 

Oljeproduksjon 2010


Væskeproduksjonen i juli fordeler seg slik: 1 800 000 fat olje, 253 000 fat NGL og 64 000 fat kondensat.

Produksjonen frå Vale var stengd pga tekniske problem. Gullfaks C og Tordis var stengde i periodar av juli pga brønnproblem.

 

 Væskeproduksjon 2010


Så langt i 2010 er gjennomsnittleg oljeproduksjon per dag om lag 1,8millionar fat og total væskeproduksjon om lag 2,2 millionar fat. Den totale petroleumsproduksjonen dei sju første månadene i år er om lag 138,4 millionar Sm3 o.e. Dette er fordelt slik: olje 62,3 millionar Sm3 o.e, NGL og kondensat 11,8 millionar Sm3 o.e, og gass 64,4 millionar Sm3 o.e.  Produksjonen er 2,9 millionar Sm3 o.e. lågare enn i same periode i 2009. 

Så langt i 2010 produserer vi fortsatt mer væske enn gass, men dersom man tar med NGL (som kommer fra gassproduksjonen) er over halvparten av produksjonen målt i oljeekvivalenter nå gass.

 

 Gassproduksjon 2010


Førebels produksjonstal for august 2010 viser gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,619 millionar fat olje, 0,204 millionar fat NGL og kondensat og totalt 6,0 milliardar Sm3 gass.

Produksjonen frå fleire felt var stengd i periodar i august pga planlagde revisjonsstansar.

Endelige produksjonstal for august blir tilgjengelege i oktober.


Kontaktperson i OD:
Rune Hult tlf. 51 87 60 77

Oppdatert: 10.09.2010