Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

September 2010

09.11.2010 I september 2010 var den gjennomsnittlege dagsproduksjonen 1 825 000 fat olje, NGL og kondensat. Det er ein nedgang på ca 2 000 fat frå august.

Den totale gassproduksjonen var 5,7 milliardar standard kubikkmeter (Sm3), ein nedgang på 0,3 milliardar frå månaden før.
 

Oljeproduksjon 2010

 

Væskeproduksjonen i september fordeler seg slik: 1 585 000 fat olje, 187 000 fat NGL og 52 000 fat kondensat.

Produksjonen frå fleire felt var stengd i periodar i september på grunn av planlagd revisjonsstans. Det same var Kårstøanlegget.
 

Væskeproduksjon 2010

 

Så langt i 2010 (ut september) er gjennomsnittleg oljeproduksjon per dag om lag 1,8 millionar fat. Dette er marginalt mindre enn OD sin prognose som også inneheld Yme som ikkje har starta å produsere enda. Total væskeproduksjon per dag er om lag 2,1 millionar fat.

Den totale petroleumsproduksjonen dei ni første månadene i år er om lag 168,2 millionar Sm3 o.e. Dette er fordelt slik: olje 77,7 millionar Sm3 o.e, NGL og kondensat 14,4 millionar Sm3 o.e, og gass 76,1 millionar Sm3 o.e. Produksjonen er 9,1 millionar Sm3 o.e. lågare enn i same periode i 2009.
 

Gassproduksjon 2010


Førebels produksjonstal for oktober 2010 viser gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,868 millionar fat olje, 0,365 millionar fat NGL og kondensat og totalt 9,3 milliardar Sm3 gass.

Endelege produksjonstal for oktober blir tilgjengelege i desember.


Kontaktperson i OD:
Rune Hult tlf. 51 87 60 77

 

Oppdatert: 09.11.2010