Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Juni 2010

28.08.2010 I juni 2010 var den gjennomsnittlege dagsproduksjonen 1 872 300 fat olje, NGL og kondensat. Det er en nedgang på ca 324 000 fat frå mai. Den totale gassproduksjonen i perioden var 8,5 milliardar standard kubikkmeter (Sm3), en nedgang på 0,5 milliardar frå førre månad.

 

Oljeproduksjon 2010

 

Væskeproduksjonen i juni fordeler seg slik: 1 531 000 fat olje, 261 000 fat NGL og 80 000 fat kondensat.

Produksjonen frå felt i Ekofisk området var stengd i periodar i juni pga vedlikehald, Vale var stengd pga  tekniske problem. Gullfaks C var stengd heile juni pga brønnproblem. Heidrun var stengt 1-26.juni pga vedlikehald.

 

Væskeproduksjon 2010


Så langt i 2010 er gjennomsnittlig oljeproduksjon per dag om lag 1,9millionar fat og total væskeproduksjon om lag 2,2 millionar fat. Den totale petroleumsproduksjonen dei seks første månadene i år er om lag 120,4 millionar Sm3 o.e. Fordelt på olje 53,4 millionar Sm3 o.e, NGL og kondensat 10,2 millionar Sm3 o.e, og gass 56,8 millionar Sm3 o.e. Dette er 0,8 millionar Sm3 o.e. mindre enn i same periode i 2009.

 

Gassproduksjon 2010


Førebels produksjonstal for juli 2010 viser gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,804 millionar fat olje, 0,314 millionar fat NGL og kondensat og totalt 7,5 milliardar Sm3 gass.

Produksjonen frå Vale var stengd i juli pga tekniske problem og Gimle og Tordis stengd pga barriere-svikt i brønn

Endelige produksjonstal for juli er tilgjengelege i løpet av september.


Kontaktperson i OD:

Rune Hult tlf. 51 87 60 77

Oppdatert: 22.01.2013