Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

April 2011

13.05.2011 Førebels produksjonstal i april 2011 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 2 097 000 fat olje, NGL og kondensat. Det er ein oppgang på 26 000 fat samanlikna med mars.

Den totale gassproduksjonen var 7,4 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), ein nedgang på 2,9 GSm3 frå månaden før.

 

Oljeproduksjon 2011 

Oljeproduksjon 2011

 

Væskeproduksjonen i april fordeler seg slik: 1 786 000 fat olje, 223 000 fat NGL og 88 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.

I april var produksjonen frå Njordfeltet redusert på grunn av problem med stigerøyr, og produksjonen frå felta Alve, Urd og Visund var stengd i periodar på grunn av planlagd vedlikehald. Gassproduksjonen var lågare i april enn månaden før på grunn av mindre etterspørsel. 

 

Væskeproduksjon 2011

Væskeproduksjon 2011


Den totale petroleumsproduksjonen dei fire første månadene i år er om lag 78,2 millionar Sm3 o.e. Dette er fordelt slik: olje om lag 34,3 millionar Sm3 o.e, NGL og kondensat om lag 6,4 millionar Sm3 o.e, og gass om lag 37,6 millionar Sm3 o.e. Produksjonen er 5,1 millionar Sm3 o.e. lågare enn i same periode i 2010.

 

Gassproduksjon 2011

 

Endelege produksjonstal for mars 2011 syner ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,736 millionar fat olje, 0,311 millionar fat NGL og kondensat og totalt 10,3 milliardar Sm3 gass.

Førebels produksjonstal for mai blir publisert i juni 2011.


Kontaktperson i OD:
Rune Hult tlf. 51 87 60 77

 

Oppdatert: 18.05.2011