Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

August 2011

08.09.2011 Førebels produksjonstal i august 2011 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 957 000 fat olje, NGL og kondensat. Det er ein nedgang på 80 000 fat samanlikna med juli.

Den totale gassproduksjonen var 7,9 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), som er 0,6 GSm3 meir enn månaden før.

 

Oljeproduksjon 2011

 Oljeproduksjon 2011


Væskeproduksjonen i august  fordeler seg slik: 1 625 000 fat olje, 242 000 fat NGL og 89 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.

Ein noe redusert produksjon i august skuldas planlagt vedlikehaldsstans og tekniske problem på fleire felt. Oljeproduksjonen er litt over OD sin prognose for august og over prognose hittil i år.

 

Væskeproduksjon 2011

Væskeproduksjon 2011

 

 

Gassproduksjon 2011

Gassproduksjon 2011

 

Den totale petroleumsproduksjonen dei åtta første månadene i år er om lag 143,9 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.) Dette er fordelt slik: olje om lag 65,9 MSm3 o.e, NGL og kondensat om lag 12,5 MSm3 o.e, og gass om lag 65,4 MSm3 o.e.  Produksjonen er 9,9 MSm3 o.e. lågare enn i same periode i 2010. 

Endelege produksjonstal for juli 2011 syner ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,705 millionar fat olje, 0,332 millionar fat NGL og kondensat og totalt 7,3 GSm3 gass.

Førebels produksjonstal for september blir publisert i oktober 2011.

 

Kontaktperson i OD:
Rune Hult, tlf. 51 87 60 77

 

Oppdatert: 08.09.2011