Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Desember 2011

17.01.2012 Førebels produksjonstal i desember 2011 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 990 000 fat olje, NGL og kondensat. Det er ein nedgang på 60 000 fat samanlikna med november.

Det totale gass salet var 10,5 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er 0,8 GSm3 meir enn månaden før.

 

Oljeproduksjon 2011

Oljeproduksjon 2011

 

Væskeproduksjonen i desember  fordeler seg slik: 1 634 000 fat olje, 278 000 fat NGL og 79 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.

Tordis har redusert produksjon i desember på grunn av vedlikehaldsarbeid og Alvheim, Balder, Gjøa, Glitne, Norne, Snorre og Visund på grunn av diverse tekniske problem. Total oljeproduksjon er  litt under OD sin prognose for 2011.


Væskeproduksjon 2011

Væskeproduksjon 2011 

 

Gassproduksjon 2011

Gassproduksjon 2011

 

Den totale petroleumsproduksjonen i 2011 er om lag 219,4 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.) Dette er fordelt slik: olje om lag 97,3 MSm3 o.e, NGL og kondensat om lag 20,7 MSm3 o.e,  sal av gass om lag 101,3 MSm3 o.e. Total volumet er 10,7 MSm3 o.e. lågare enn i 2010. 

Endelege produksjonstal for november 2011 syner ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,670 millionar fat olje, 0,380 millionar fat NGL og kondensat og totalt 9,7 GSm3 gass for sal.

Førebels produksjonstal for januar blir publisert i februar 2012.


Kontaktperson i OD:
Rune Hult tlf. 51 87 60 77

 

 

Oppdatert: 17.01.2012