Februar 2011
11.03.2011 Førebels produksjonstal i februar 2011 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 2 120 000 fat olje, NGL og kondensat. Det er ein nedgang på 56 000 fat samanlikna med januar.
Den totale gassproduksjonen var 9,4 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), ein nedgang på 1,0 GSm3 frå månaden før.
Væskeproduksjonen i februar fordeler seg slik: 1 792 000 fat olje, 251 000 fat NGL og 76 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.
Trym feltet startet produksjon i februar.
Den totale petroleumsproduksjonen dei to første månadene i år er om lag 40,0 millionar Sm3 o.e. Dette er fordelt slik: olje 17,0 millionar Sm3 o.e, NGL og kondensat 3,1 millionar Sm3 o.e, og gass 19,8 millionar Sm3 o.e. Produksjonen er 2,4 millionar Sm3 o.e. lågare enn i same periode i 2010.
Endelege produksjonstal for januar 2011 syner ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,835 millionar fat olje, 0,328 millionar fat NGL og kondensat og totalt 10,4 milliardar Sm3 gass.
Førebels produksjonstal for mars blir publisert i april 2011.
Kontaktperson i OD:
Rune Hult tlf. 51 87 60 77
Oppdatert: 29.03.2011