Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Juli 2011

18.08.2011 Førebels produksjonstal i juli 2011 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 965 000 fat olje, NGL og kondensat. Det er ein oppgang på 76 000 fat samanlikna med juni.

Den totale gassproduksjonen var 7,3 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), som er 1,0 GSm3 meir enn månaden før.


Oljeproduksjon 2011 

 Oljeproduksjon 2011

 

Væskeproduksjonen i juli  fordeler seg slik: 1 664 000 fat olje, 228 000 fat NGL og 73 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.

Oljeproduksjonen er litt under OD sin prognose for juli, men over prognose hittil i år.


Væskeproduksjon 2011

Væskeproduksjon 2011

 

Den totale petroleumsproduksjonen dei sju første månadene i år er om lag 126,0 millionar Sm3 oljeekvivalenter (MSm3 o.e.). Dette er fordelt slik: olje om lag 57,7 MSm3 o.e, NGL og kondensat om lag 10,7 MSm3 o.e, og gass om lag 57,5 MSm3 o.e.  Produksjonen er 12,8 MSm3 o.e. lågare enn i same periode i 2010. 

 

Gassproduksjon 2011

  Gassproduksjon 2011

 

Endelege produksjonstal for juni 2011 syner ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,616 millionar fat olje, 0,291 millionar fat NGL og kondensat og totalt 6,3 milliardar Sm3 gass.

Førebels produksjonstal for august blir publisert i september 2011.


Kontaktperson i OD:
Rune Hult tlf. 51 87 60 77

 

Oppdatert: 18.08.2011