Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Juni 2011

08.07.2011 Førebels produksjonstal i juni 2011 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 889 000 fat olje, NGL og kondensat. Det er ein oppgang på 50 000 fat samanlikna med mai.

Den totale gassproduksjonen var 6,3 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), som er likt med månaden før.


Oljeproduksjon 2011

Oljeproduksjon 2011


Væskeproduksjonen i juni  fordeler seg slik: 1 611 000 fat olje, 228 000 fat NGL og 49 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.

Låg produksjon i juni skuldas planlagt vedlikehaldsstans på fleire felt. Oljeproduksjonen er litt under OD sin prognose for juni, men over prognose hittil i år.


Væskeproduksjon 2011

 Væskeproduksjon 2011


Den totale petroleumsproduksjonen dei seks første månadene i år er om lag 108,9 millionar Sm3 o.e. Dette er fordelt slik: olje om lag 49,5 millionar Sm3 o.e, NGL og kondensat om lag 9,3 millionar Sm3 o.e, og gass om lag 50,2 millionar Sm3 o.e.  Produksjonen er 11,8 millionar Sm3 o.e. lågare enn i same periode i 2010. 

 

Gassproduksjon 2011
Gassproduksjon 2011

 

Endelege produksjonstal for mai 2011 syner ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,543 millionar fat olje, 0,296 millionar fat NGL og kondensat og totalt 6,3 milliardar Sm3 gass.

Førebels produksjonstal for juli blir publisert i august 2011.


Kontaktperson i OD:

Rune Hult tlf. 51 87 60 77

 

Oppdatert: 08.07.2011