Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Mai 2011

15.06.2011 Førebels produksjonstal i mai 2011 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 829 000 fat olje, NGL og kondensat. Det er ein nedgang på 266 000 fat samanlikna med april.

Den totale gassproduksjonen var 6,3 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), ein nedgang på 1,1 GSm3 frå månaden før.



Oljeproduksjon 2011

Oljeproduksjon 2011


Væskeproduksjonen i mai  fordeler seg slik: 1 541 000 fat olje, 221 000 fat NGL og 66 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.

Låg produksjon i mai skuldas planlagt vedlikehaldsstans på fleire felt og tekniske problem på Alvheim, Njord og Snorre. Oljeproduksjonen er litt under OD sin prognose for mai, men over prognose hittil i år.

 

Væskeproduksjon 2011

Væskeproduksjon 2011


Den totale petroleumsproduksjonen dei fem første månadene i år er om lag 93,6 millionar Sm3 o.e. Dette er fordelt slik: olje om lag 41,8 millionar Sm3 o.e, NGL og kondensat om lag 7,8 millionar Sm3 o.e, og gass om lag 43,9 millionar Sm3 o.e.  Produksjonen er 9,6 millionar Sm3 o.e. lågare enn i same periode i 2010.

 

Gassproduksjon 2011 

Gassproduksjon 2011

 

Endelege produksjonstal for april 2011 syner ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,774 millionar fat olje, 0,321 millionar fat NGL og kondensat og totalt 7,4 milliardar Sm3 gass.

Førebels produksjonstal for juni blir publisert i juli 2011.


Kontaktperson i OD:
Rune Hult tlf. 51 87 60 77

 

Oppdatert: 15.06.2011