Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Mars 2011

13.04.2011 Førebels produksjonstal i mars 2011 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 2 017 000 fat olje, NGL og kondensat. Det er ein nedgang på 167 000 fat samanlikna med februar.

Den totale gassproduksjonen var 10,2 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), ein oppgang på 0,7 GSm3 frå månaden før.

 

Oljeproduksjon 2011

 

Væskeproduksjonen i mars  fordeler seg slik: 1 729 000 fat olje, 209 000 fat NGL og 79 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.

Produksjonen frå felta Kristin og Tordis var stengd i periodar i mars på grunn av planlagd vedlikehald.

 

Væskeproduksjon 2011

 

Den totale petroleumsproduksjonen dei tre første månadene i år er om lag 60,5 millionar Sm3 o.e. Dette er fordelt slik: olje om lag 25,7 millionar Sm3 o.e, NGL og kondensat om lag 4,7 millionar Sm3 o.e, og gass om lag 30,1 millionar Sm3 o.e.  Produksjonen er 3,6 millionar Sm3 o.e. lågare enn i same periode i 2010.                                                                                                                                                                                      

 Gassproduksjon 2011


Endelege produksjonstal for februar 2011 syner ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,832 millionar fat olje, 0,353 millionar fat NGL og kondensat og totalt 9,5 milliardar Sm3 gass.

Førebels produksjonstal for april blir publisert i mai 2011.


Kontaktperson i OD:
Rune Hult tlf. 51 87 60 77

 

Oppdatert: 13.04.2011