Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

November 2011

13.12.2011 Førebels produksjonstal i november 2011 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 2 057 000 fat olje, NGL og kondensat. Det er ein auke på 18 000 fat samanlikna med oktober.

Den totale gassproduksjonen var 9,7 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er 1,5 GSm3 meir enn månaden før.

 

Oljeproduksjon 2011

Oljeproduksjon 2011 

 

Væskeproduksjonen i november  fordeler seg slik: 1 676 000 fat olje, 294 000 fat NGL og 88 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.

Gjøa og Tordis har redusert produksjon i november på grunn av vedlikehaldsarbeid, Glitne på grunn av dårlig vær og Balder, Njord, Norne, Snorre, Tordis og Visund på grunn av diverse tekniske problem. Total oljeproduksjon er i samsvar med OD sin prognose til denne tid i år.

 

Væskeproduksjon 2011

Væskeproduksjon 2011 

 

Gassproduksjon 2011

Gassproduksjon 2011 

 

Den totale petroleumsproduksjonen dei elleve første månadene i år er om lag 199,2 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.) Dette er fordelt slik: olje om lag 89,3 MSm3 o.e, NGL og kondensat om lag 19,0 MSm3 o.e,  gass om lag 90,9 MSm3 o.e. Total produksjonen er 9,6 MSm3 o.e. lågare enn i same periode i 2010. 

Endelege produksjonstal for oktober 2011 syner ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,661 millionar fat olje, 0,378 millionar fat NGL og kondensat og totalt 8,2 GSm3 gass.

Førebels produksjonstal for desember blir publisert i januar 2012.


Kontaktperson i OD:

Rune Hult tlf. 51 87 60 77

 

Oppdatert: 13.12.2011