Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

Oktober 2011

09.11.2011 Førebels produksjonstal i oktober 2011 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 2 022 000 fat olje, NGL og kondensat. Det er ein oppgang på 107 000 fat samanlikna med september.

Den totale gassproduksjonen var 8,2 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), som er 0,7 GSm3 meir enn månaden før.

 

Oljeproduksjon 2011

 Oljeproduksjon 2011

 

Væskeproduksjonen i oktober  fordeler seg slik: 1 681 000 fat olje, 265 000 fat NGL og 75 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.

Gjøa har redusert produksjon i oktober pga vedlikehaldsarbeid, Grane pga problem med gassinjeksjonskompressor og Njord, Tordis, Visund og Volve pga diverse tekniske problem. Total oljeproduksjon er likevel litt over OD sin prognose hittil i år.

 

Væskeproduksjon 2011 

Væskeproduksjon 2011  


Gassproduksjon 2011

Gassproduksjon 2011

 

Den totale petroleumsproduksjonen dei ti første månadene i år er om lag 179,6 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.) Dette er fordelt slik: olje om lag 81,4 MSm3 o.e, NGL og kondensat om lag 16,9 MSm3 o.e, og gass om lag 81,2 MSm3 o.e.  Produksjonen er 9,0 MSm3 o.e. lågare enn i same periode i 2010.

Endelege produksjonstal for september 2011 syner ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,541 millionar fat olje, 0,373 millionar fat NGL og kondensat og totalt 7,5 GSm3 gass.

Førebels produksjonstal for november blir publisert i desember 2011.


Kontaktperson i OD:
Rune Hult tlf. 51 87 60 77

 

Oppdatert: 09.11.2011