Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

September 2011

12.10.2011 Førebels produksjonstal i september 2011 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 892 000 fat olje, NGL og kondensat. Det er ein nedgang på 105 000 fat samanlikna med august.

Den totale gassproduksjonen var 7,4 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), som er 0,5 GSm3 mindre enn månaden før.

 

Oljeproduksjon 2011

 Oljeproduksjon 2011

Væskeproduksjonen i september  fordeler seg slik: 1 557 000 fat olje, 256 000 fat NGL og 79 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.

Grane har redusert produksjon i september på grunn av planlagt vedlikehaldsstans og tekniske problem i etterkant. Total oljeproduksjon er likevel litt over OD sin prognose hittil i år.

 

Væskeproduksjon 2011 

 Væskeproduksjon 2011

 

Gassproduksjon 2011

Gassproduksjon 2011

 

Den totale petroleumsproduksjonen dei ni første månadene i år er om lag 160,6 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.) Dette er fordelt slik: olje om lag 73,3 MSm3 o.e, NGL og kondensat om lag 14,4 MSm3 o.e, og gass om lag 72,9 MSm3 o.e.  Produksjonen er 7,6 MSm3 o.e. lågare enn i same periode i 2010. 

Endelege produksjonstal for august 2011 syner ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,623 millionar fat olje, 0,375 millionar fat NGL og kondensat og totalt 7,9 GSm3 gass.

Førebels produksjonstal for oktober blir publisert i november 2011.


Kontaktperson i OD:
Rune Hult tlf. 51 87 60 77

 

Oppdatert: 12.10.2011