Justering av skriftstørrelse

Hold Ctrl-tasten (PC) eller Cmd-tasten (MAC) nede og trykk på "+" for å forstørre eller "-" for å forminske.

April 2012

16.05.2012 Førebels produksjonstal i april 2012 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 2 030 000 fat olje, NGL og kondensat. Det er ein liten nedgang på 11 000 fat samanlikna med mars 2012.

Det totale gassalet var 9,4 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er 1,6 GSm3 lågare enn månaden før.

 

Oljeproduksjon 2012 

Oljeproduksjon 2012 - Last ned pdf 

 

Væskeproduksjonen i april  fordeler seg slik: 1 633 000 fat olje, 310 000 fat NGL og 87 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.

Oljeproduksjonen på norsk sokkel ligg over OD sin prognose for april, og der er felta Ekofisk, Gjøa, Grane, Kvitebjørn, Morvin og Volund som produsere meir enn prognosen.

I april starta produksjonen frå fire nye felt på norsk sokkel; Gaupe, Marulk, Islay og Oselvar. 

 

Væskeproduksjon 2012

Væskeproduksjon 2012 - Last ned pdf

 

Gassproduksjon 2012

Gassproduksjon 2012 - Last ned pdf 

 

Den totale petroleumsproduksjonen så langt i 2012 er om lag 82,1 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.), om lag 31,7 MSm3 o.e olje, om lag om lag 8,1 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 42,3 MSm3 o.e. gass . Total volumet er 3,7 MSm3 o.e. høgare enn i 2011. 

Endelege produksjonstal for mars 2012 syner ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,613 millionar fat olje, 0,428 millionar fat NGL og kondensat og totalt 11,0 GSm3 gass for sal.

Førebels produksjonstal for mai blir publisert i juni 2012.


Kontaktperson i OD:

Rune Hult tlf. 51 87 60 77

 

Oppdatert: 25.01.2013